Vi har to disputasar før jul. Hedda Breien (Vista/ICG) disputerar fredag 11. desember med avhandlinga “On the dynamics of subaqueous and subaerial gravity mass flows – a comparison”. Prøveforelesning og disputas er i Auditorium I i Geologibygningen. Måndag 14 desember disputerar Lene Kristensen (UNIS) med avhandlinga “Glacier surges and landforms in a permafrost environment at the tidewater glacier Paulabreen, inner Van Mijenfjorden, Svalbard”. Disputasen vert halden på UNIS.
Seminar med Rajinder Pachauri
Publisert 2009/12/04 CIENS , UiO , Uncategorized Leave a CommentTags: arrangement
Dr. Rajinder Pachauri, leiar for IPCC og direktør for the Energy and Resource Institute (TERI), vitjar Oslo i høve fredsprisutdelinga, og vil halde eit foredrag i CIENS fredag 11. desember, med CIENS, Cicero og UiO som arrangørar. Foredraget vert i Forum, auditoriet i CIENS-bygget. Tidspunkt og tittel kjem seinare.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har starta opp eit nytt bachelorstudium i geologi og geofare. Sentral person i dette er professor Stein Bondevik. Studiet kan vere eit rekrutteringsgrunnlag for mastergrad hjå oss, og vi skal sjå på kva tilvalg som vil vere naudsynt for opptak. Det hyggeleg å kunne ynskje HiSF velkomen i geofagfamilien att!
High Performance Computing seminar
Publisert 2009/12/04 Instituttsaker Leave a CommentTags: arrangement
Tungreknegruppa til USIT arrangerer halvdagsseminar om High Performance Computing for for geofag 10. desember frå lunsj. Dei store brukarane av tungreknetilbodet på instituttet er MetOs, men mange fleire ville kunne utnytte det gode tilbodet vi har på dette feltet. Detaljar kjem seinare.
Som alle veit som har vore innom der – bomberommet i kjellaren i Geologibygget ser ut som om det skulle vere bomba, og er ikkje tenleg verken som bomberom eller lagerrom. Ein ting er det formelle – bomberommet skal kunne klargjerast på 24 timar, og det er snaut mogeleg i dag. Viktigare er det nok at vi alle ville ha meir nytte av dette arealet dersom det vert rydda opp. Vi tek ein større oppryddingsprosess etter jul med Arnstein som general – dette er eit førevarsel.
Fredag den 4. desember vert det nytt instituttseminar, Avdeling for miljøgeologi, hydrologi og naturkatastrofer er vertskap. Professor ChongYu Xu presenterar
Global Hydrological Modeling and Models.
Tida er kl 14:15 og staden Auditorium I, Geologibygningen.
Vel møtt til alle!
Det vert juleavslutning 17. desember, kl 16 – etter arbeidstid. Det er fleire grunnar til å bryte tradisjonen med julelunsj, mellom anna trur eg at julestemninga betre senkar seg over selskapet utpå ettermiddagen. Vi kjem attende med meir informasjon og påmeldingsskjema over helga.
I serien spennande gjesteforelesningar:
————————————————————
25.11.09 Climate ‘on the rocks’ – reconstructing glacial-interglacial
climate in the Tropical West Pacific from stalagmites
Anna Nele Meckler (California Institute of Technology)
Time and place: 25.11.09 Climate ‘on the rocks’ – reconstructing
glacial-interglacial climate in the Tropical West Pacific from
stalagmites Nov 25, 2009 02:15 PM – 03:00 PM , CIENS, room 7
————————————————————
Komande fredag, den 27. kl 13:15, vert det allmøte om undervisning i Auditorium I i Geologibygget. På dagsorden står mellom anna nye opplegg i studieprogramma, studentutviklinga og konsekvensar av denne, planar for vårsemesteret.
Mange har sikkert fått med seg at Statoil på forsommaren fekk lekkasje når dei pumpa oljehaldig vatn ned i det dei trudde var Utsira-formasjonen på Tordis-feltet på 1000 m djup. Undersøkelsesrapporten er nå klar – du finn ei oppsummering her. Den syner kor viktig det er å ha detaljkunnskapar om dei geologiske formasjonane når ein injiserar i havbotnen – det gjeld CO2 som produksjonsvatn.
